
Annas Hybel fyller ti år
Agnes Granli Lægreid
For ti år sidan var Trine Persson i foreldrepermisjon. Ho sakna ein plass der ho kunne gå for
å drikke god kaffi i nærområdet, og opna Annas Hybel på Fjellstrand. Kafeen blei fort kjent for bakevareutsal, lunsjmeny, kaffi, øl og vin. Sidan den gong har Annas Hybel utvida med både eitt og to rom, og servert gjester frå både nær og fjern.
Takket være driftige damer og virtuell kaffi er jubilanten klar for meir liv, fleire folk, og inviterer til tiårsfest!
På Annas blir du varmt tatt i mot. I den lune atmosfæren er kaffien god, vertskapet blide, og du treff alltid kjentfolk du ikkje har sett på ein stund. I desse omgivnadane treff eg Trine Persson, og Stina Røisand og Hanne Støp som står for stadig utvikling av nye konsept på hybelen.
Fortel, korleis starta Annas Hybel?
- Da eg var i foreldrepermisjon med mitt tredje barn, sakna eg at noko skjedde. Fjellstrand var liksom bygda på bygda, og eg kjente at noko mangla. Så eg opna kafé. Det hadde eg aldri drive med før, og hadde vel heller ikkje hatt noko draum om det. Så det var ei ganske heftig og bratt læringskurve, seier Trine Persson.
- Kafeen starta i det vesle lokalet framfor Joker, på 26 kvadratmeter. Det skulle ikkje mange gjester til for å fylle lokalet. Det var veldig trongt, og veldig koseleg! Planen var å drive det ved sidan av fulltidsjobb i Oslo, men Annas Hybel blei ganske snart det einaste eg hadde tid til, fortel ho.
Driftige Anna
Det er ikkje alle som skjønar at Annas Hybel er ein kafé. Omtrent kvar sommar blir eigarane kontakta av danske turistar, som gjerne vil leige hybelen.
- Da må vi dessverre avslå, men seier at dei gjerne kan komme innom og få ein kopp kaffi!
“Anna” er ingen kven som helst – ho var oldemora til Trine, fødd i 1893. Anna var første kvinne i kommunestyret i Borge, og møtte som vara på Stortinget. I tillegg til det politiske engasjementet hadde Anna ansvar for dyr og husstell heime, fire eigne barn og eit fosterbarn med nedsett funksjonsevne.
- Vi er veldig stolte over å kalle oss Annas Hybel. Anna var ei driftig dame, og no er vi tre driftige damer som driv dette i hennar namn, seier Stina.
Dei tre driftige damene har fått mykje til å skje på Annas hybel. Mot 2019 var kafeen blitt kjent og pågangen stor, og Trine måtte utvide staben. Rett før pandemien kom Stina og Hanne inn, og i dag er det dei to som styrer skuta.
- Da pandemien kom, fekk vi beskjed om å stenge ned. Kundane hadde bruk for dette lokale samlingspunktet, men vi fekk ikkje lov å drive lenger, og det var veldig tungt. Rekningane måtte vi jo framleis betale. Da begynte kundane våre å drikke virtuell kaffi. Dei satt heime, trakta sin eigen kaffi, og vippsa litt pengar til Annas Hybel. Takka vere initiativet til dei lokale stamkundane våre, fekk vi inn over 100.000 kroner. Utan det hadde vi ikkje overlevd denne barske tida, seier Stine.
- Vi er veldig glade i dei lokale gjestene våre!
Annas Hybel har eit tilbod for alle. Under pandemien flytta dei inn i større lokale på Fjellstrand, og har i dag mange sitteplassar ute og inne, utescene, variert meny og ein rekke ulike arrangement. I lokalet blir det arrangert musikkbingo, quiz, operapub, slamsessions, konsertar og pubkor. Det store arrangementstilbodet er til glede for mange, og trekker gjester frå både fjern og nær. På kort tid har Annas Hybel blitt ein kjent slamscene på Austlandet, og
artistar tar sjølv kontakt for å spørje om dei kan få spille på kafeen. Trine, Stina og Hanne meiner mykje av suksessen ligg i at alt blir gjort på «hybelvis», og at dei alltid er ærlege om korleis det går med drifta.
- Vi er alltid opne om korleis det går, fordi mange er interesserte. Dei lurer på korleis det er å
drive kafeen om vinteren, utanom utelivssesongen, i nedetider med lite gjester. Og når vi fortel at vi har ein vanskeleg periode, mobiliserer dei, og vi merker at fleire er innom, fortel Stina.
- Vi er veldig glade i dei lokale gjestene våre! Legg Hanne til.
I mai blir det fest!
Jubilanten skal feire med bulder og brak, i ei veke til ende. 29. mai til 5. juni er det fest på
Annas hybel, og du er invitert! Hugs å bestille bord!